Masterhead

Takk for at du besøker politikkavisen.no. Fyll ut skjemaet under:

Navn/selskap:

E-post:

Overskrift:

Melding:

KS sin skulestrategi har havarert

 

Publisert 1. jul.

– Dette er, som eg kan hugse, den skarpaste og klaraste uravrøystinga i norsk arbeidsliv i nyare tid, seier Unio-leiar Anders Folkestad.

25.06.2014. – Resultatet i uravrøystinga i Utdanningsforbundet viser at KS sin skulestrategi har havarert. KS har ikkje klart å forvalte arbeidsgjevaransvaret dei fekk i 2003 på ein truverdig måte, seier Unio-leiar Anders Folkestad i ein kommentar til at heile 73 prosent av lærarane har stemt nei til tariffavtalen.

Det er særleg arbeidstidsavtalen som utløyste det klare nei-et blant medlemmene i Utdanningsforbundet.

– Forslaget til arbeidstidsavtale blei av lærarane oppfatta som ein provokasjon og eit symbol på detaljstyring og fagleg degradering, slår Folkestad fast.


«Det er særleg arbeidstidsavtalen som utløyste det klare nei-et blant medlemmene i Utdanningsforbundet.
»
Han meiner situasjonen for norsk skule no er så alvorleg at politikarane ikkje lengre kan lukke auga.

– Dette er, som eg kan hugse, den skarpaste og klaraste uravrøystinga i norsk arbeidsliv i nyare tid. KS og kommunane må no revidere sin eigen politikk og strategi, og kursen må leggjast om. Her har tydelegvis og dei politiske partia ein jobb å gjere, meiner Unio-leiaren.

– Det er Utdanningsforbundet som er i streik, men som hovudorganisasjon vil Unio sjølvsagt følgje opp og støtte når våre medlemmar er i kamp, presiserer Folkestad.


Les mer hos
Unio

google-468x60a

Share This Post

DeliciousDiggGoogleStumbleuponRedditTechnoratiYahooBloggerMyspaceRSS

selfad-writeart-b