![]() |
|
Tilgjenge for alle (universell utforming) - Ny antidiskrimineringslov frå 1.januar 2009
Kilde: volda.kommune Det er ein grunnleggande demokratisk rett at alle skal kunne delta i samfunn og arbeidsliv på lik line. Frå nyttår vert det forbode å diskriminere personar med nedsett funksjonsevne på alle samfunnsområde. Då tek den nye antidiskrimineringslova (Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne av 20.06.08) til å gjelde. Føremålet med lova "å fremme likestilling og likeverd, sikre like muligheter og rettigheter til samfunnsdeltakelse for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne. Loven skal bidra til nedbygging av samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer og hindre at nye skapes", heiter det i 1. Alle borgarar er i ulike livsfasar i større eller mindre grad funksjonshemma. Barn er funksjonshemma når dei ikkje rekk høgt nok opp eller ikkje forstår alt som vert sagt eller gjort. Vaksne som skal bevege seg rundt omkring med tunge ting eller med barnevogn, er i ulike situasjonar funksjonshemma. Gamle med nedsett syn eller hørsel, dårleg minne eller med redusert reaksjonsevne er funksjonshemma. Ein del av befolkninga har varig redusert fysisk eller psykisk funksjonsevne på einskilde område, anten det er medfødt eller som følgje av sjukdom eller skade. Somme gongar er funksjonshemminga lett å sjå, og andre gongar er den lite synleg, som t.d. allergi og revmatisme. Mange av desse vert hindra i fri livsutfalding fordi samfunnet har så mange menneskeskapte hindringar. Men ein rullestolbrukar er ikkje funksjonshemma der bygningar eller omgjevnadar er lagt til rette slik at rullestolen kan bevege seg fritt. Og ein døv person er ikkje funksjonshemma saman med andre som kan teiknspråk.
23.november 2004 sette regjeringa i verk Regjeringens handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne, 2004-2009 . Dette for å gjere transport, bygg, uteområde og informasjon tilgjengeleg for alle. Handlingsplanen var utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet og Miljøverndepartementet. Universell utforming i handlingsplanen har hatt ei vid tilnærming for å oppnå tilgjenge og inkludere både barn, eldre og andre. Universell utforming betyr at produkt, informasjon, byggverk og uteområde som er i alminneleg bruk, skal utformast på ein slik måte at alle menneske skal kunne bruke dei på ein likestilt måte så langt det er råd utan særskild tilpassing eller utforming. Kilde: volda.kommune
|