![]() |
Kilde: venstre Nominasjonsnemnda inviterer til åpen nominasjonskveld i bystyresalen i Arendal. Sjekk kva kandidatane står for, finn ut kven vi skal sette øvst på stortingslista. 9999999 9999999 9999999 9999999 (Bilda viser aktuelle førstekandidatar i alfabetisk rekkefølge) Mange møtte fram i Arendal rådhus 11. oktober og fekk høyre presentasjon av 22 kandidatar. Sjå fire av dei på www .venstre.no/austagder. Sidan da har det vore priroiterte lister frå fleire lokallag, Unge Venstre var midt i eit landsmøte med fleire omdiskuterte fleirtalsvedtak og det har stått mykje om oss i avisene. Derfor inviterer nominasjonsnemnda til nytt møte i bystyresalen i Arendal rådhus mandag 3. november kl 1900-2100. 1. Stortingsvalet 2009 - Venstres mål og sjansar i Aust-Agder og på landsplan Ved leiar i nominasjonsnemnda Jan Kløvstad 2. Dei som er foreslått a v lokallag på 1. plass og/eller sjølv har meldt at dei er kandidatar presenterer seg Kvar kandidat får 3 minutt til å seie kva ho/han vil gjere for landsdelen og partiet i fire år på Stortinget. Dei inviterte til å presentere seg i denne seansen er: Olaf Engestøl, Øystein Haga, Anne Solsvik, Lars Thoresen, Arnt Gunnar Tønnesen. Olaf Engestøl er foreslått fremst frå Iveland, Unge Venstre og Bygland. Øystein Haga er foreslått fremst frå Lillesand og Birkenes. Anne Solsvik er foreslått fremst av Arendal og Tvedestrand. Lars Thoresen er foreslått av Liberale Studenter. Arnt Gunnar Tønnesen er foreslått av Grimstad Venstre. Om fleire blir foreslått til førsteplassen, blir også dei inviterte til å presentere seg. Innan møtet skal eg også ha samla og sendt ut alle forslaga frå alle lag som har sendt inn forslag. Eg manglar foreløpig forslag frå Gjerstad og Risør, og skulle gjerne hatt noe også derifrå. 3. Utspørringsrunde Alle frammøtte kan spørre kandidatane om alt dei vil spørre om. Panelsamtale under leiing av nominasjonsnemnda. ------------ - Nominasjonsmøtet blir onsdag 10. desember kl 1800, også det i Arendal kulturhus, bystyresalen i 2. etasje. Vel møtt! Beste helsing Kilde: venstre
|