Stor framgang for Sosialliberal Liste
Kilde: uv

Sosialliberal Liste fekk 10.9 prosent av røystene ved valet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, opp heile sju prosent frå fjorårets resultat. av
Tema:
- Ein slik auke syner tydeleg at potensialet for sosialliberal politikk er større enn aldri før, seier listetopp Sveinung Rotevatn.

Toppkandidatane for Sosialliberal Liste. Frå venstre: Erlend A. Horn (fylkesleiar Hordaland UV), Hanne Kvilhaugsvik (styremedlem Bergen UV) og Sveinung Rotevatn (sentralstyremedlem UV).
Ãrets val til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen vart avslutta fredag 31. oktober, og då røystetala byrja å tikke inn var det god grunn til jubel i den sosialliberale leiren.
- Det spesielle med studentpolitikken er at du aldri får sjå meiningsmålingar, berre valresultat. Det var difor stor spaning på valvaka i minutta før resultata vart lesne opp. At studentane skulle gje oss ei slik vitamininnsprøyting var stort for alle som har jobba hardt i valkampen, seier listetopp Sveinung Rotevatn.
Rotevatn, som også er sentralstyremedlem i Unge Venstre, kan bu seg på eit nytt år i Studentparlamentet, denne gongen med selskap av Hanne Kvilhaugsvik, styremedlem i Bergen Unge Venstre.
Ekstra gledeleg for dei sosialliberale var det nok at ein for første gong vart større enn Blå Liste, Høgre sitt studentpolitiske alibi. Med dette er Sosialliberal liste størst på borgarleg side i Studentparlamentet. At ein i tillegg vart større enn søsterlista Liberal Liste i Oslo førte nok også til ekstra store smil i vestlandshovudstaden.
- Hehe, Oslo får heller sjå dette som ei utfordring. Det viktigaste er at vi sosialliberalarar er synlege og sterke i studentpolitikken over heile landet, seier Hanne Kvilhaugsvik, andrekandidat og nyvald studentpolitikar.
I år som i fjor aukar oppslutnaden kring studentparlamentsvalet ved UiB. Sjølv om 26 prosent neppe er eigna til å imponere, ser Rotevatn med glede at engasjementet kring studentpolitikken vert jamt større.
- Sjølv om talet er lågt, er dette ein oppgang frå 24 prosent i fjor, og frå 19,8 prosent i 2006. Ãrsaka til auken er nok at listene har vorte flinkare til å drive valkamp, og til å vere synlege på Nygårdshøyden i vekene fram mot valet. For vår eigen del har årets valkamp vore særs veldriven, og eg vil gje honnør til alle på lista som har vore med og gjort denne valkampen til ein suksess.
Trass i sosialliberal framgang, var det lite å gjere med den partipolitisk uavhengige Studentlisten. Valets store vinnar fekk ein oppslutnad på heile 32,7 prosent, eit venta resultat sett i lys av lista si sterke forankring i dei ulike student- og fagutvala. Rotevatn ser likevel lyst på den politiske situasjonen slik stoda er for augneblinken.
- Vi har samarbeid godt med Studentlisten tidlegare, og vi er visse på at det gode samarbeidet vil halde fram. No vert det likevel drøftingar mellom listene på bakgrunn av den nye samansetjinga av Studentparlamentet, og vi kjem sjølvsagt til å kjempe for at våre veljarar skal få valuta for røystene sine. Det einaste som er sikkert er at framtida for sosialliberal politikk ved universitet ser lys ut.
For innhold laget av Unge Venstre gjelder ingen copyright.





Kilde: uv
PÅ FORSIDEN NÅ:
Alle andre tiltak må komme i andre rekke, sa Lars Sponheim da Stortinget i dag diskuterte finanskrisen og vedtok statsbudsjettet for 2009. Les mer  [venstre]
ᅢリyekorall Ytre Hvaler blir Norges første marine nasjonalpark, hvis Miljøverndepartementet følger rådet fra Direktoratet for Naturforvaltning (DN). Les mer  [fylkesmannen]

Gunnar Halden frå DNK (t.v) og Tore Lorentzen fra Politidirektoratet signerte dokumenta som gav klarsignal til å ta i bruk ICCS i Østfold politidistrikt som vert leidd av politimeister Otto Stærk (bak). Les mer  [dinkom]

Alle andre tiltak må komme i andre rekke, sa Lars Sponheim da Stortinget i dag diskuterte finanskrisen og vedtok statsbudsjettet for 2009. Les mer  [venstre]

Orienteringen ble gitt av Norges Skogeierforbund med styreleder Helge Evju i spissen, og foregikk på Sørliløkka gard i Sørum. Les mer  [regjeringen.no]

Mens det i fjor ikke ble påvist et eneste valpekull i Norges ulvestamme, har tre norske ulvefamilier fått valper i år. Trolig er det født elleve valper. Les mer  [wwf]
 Les mer  [youtube]
Jordvern : Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk vil ha varig vern av matjord.
Statens Landbruksforvaltning får i oppdrag å utrede forslag til en ny hjemmel i jordloven for varig vern av matjord.  Les mer  [regjeringen.no]


Her vises blant annet en rekke unike historiske bilder, bygningsmodeller og annet materiale som demonstrerer bredden og mangfoldet i statens byggevirksomhet.  Les mer  [dep]

Det blir ingen behandling av fremtidig drift av fødestua i Valdres i styremøtet 3. desember.
Begrunnelsen for dette er at Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med en ny stortingsmelding om fødselsomsorgen som forventes å komme på nyåret. Les mer  [sykehuset-innlandet]