Om skule og tiltakspakke Kilde: senterpartiet

[14.01.09 21:33] Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa måtte svare på spørsmål om skulenedleggelsar og den komande tiltakspakka i spørjetimen.
Det fyrste spørsmålet ho fekk kom frå Dagrun Eriksen i KrF som lurte på kva slags tankar statsråden gjorde seg om at skulane som har vorte lagde ned det siste året.
- Eg trur Regjeringa har realistiske vurderingar av kva midlar kommunane har til disposisjon. Vi er fornøgde med at vi totalt fekk på plass 8,4 milliardar kr meir i oktober. Men vi ser at 2008 vart eit meir krevjande år enn både Regjeringa og kommunane sjølve hadde rekna med, og at det no får konsekvensar når kommunane skal leggja sine budsjett for 2009. Vi er framleis opptekne av å sikra målet om at kommunane skal ha midlar i samsvar med oppgåvene. Eg reagerer med bekymring på det som no skjer i Skule-Noreg, men vi ser ikkje vekk frå at det g går føre seg fornuftige avklaringar lokalt. Det er ikkje alle skular som har livets rett, sa Meltveit Kleppa.
KrF-aren Bjørg Tørresdal var og uroa over kommuneøkonomien og spesielt ville ho ha ei forsikring om at lærarar og omsorgsarbeidarar ikkje skulle miste jobben framover.
- Det er eit krevjande spørsmål å svara på akkurat i dag når Regjeringa arbeidar intensivt med pakka, sa Sp-statsråden.
- Det eg kan bekrefta, er at datoen blir den 26. januar, dvs. at det er tolv dagar til det. Det som eg g kan seia, er at verken omfanget eller innretninga er heilt avklart på dette tidspunktet. Det som eg kan roa representanten Tørresdal med, er at kommunane skal vera ein betydeleg samarbeidspartnar når det gjeld denne pakka. Regjeringa har god dialog med ulike organisasjonar for nettopp å kopla det behovet som no vil vera for å sikra ledige hendar arbeid. Byggenæringens Landsforening, anleggsbransjen osv. er naturlege der, sa Meltveit Kleppa, og sa vidare:
- Vi har fått mange innspel. Vi veit at det er gode planar i kommunane, og det er faktisk slik at eg ikkje er sikker på om eg kan innfri alle dei forventningane som vi no registrerer. Så vil eg seia at representanten Tørresdal har ei klok tilnærming, i den forstand at ho minner om at vi ikkje må stella oss slik at det blir arbeidsledige lærarar og omsorgsarbeidarar i den eine døra, og så kjem tømrarar og røyrleggjarar inn den andre døra, sa ministaren.
Vidare spurde FrP om statsråden ville ha sprinklaranlegg i kommunale bygg i tiltakspakka, frå Høgre vart det spørsmål om skattesterke og skattesvake kommunar og oppfølging av antidi skrimineringslova.




Kilde: senterpartiet
PÅ FORSIDEN NÅ:
Regjeringen foreslår i sin tiltakspakke et tilskudd på 250 millioner kroner til idrettsanlegg.  Les mer  [regjeringen]
null Regjeringen gir 88 millioner kroner til vedlikehold av Forsvarets festningsverk i tiltakspakken som ble lagt fram i dag. Les mer  [mil]
null I Norge kappes politikerne om å gjøre mer for alle, skriver Nikolai Astrup. Les mer  [oslo hoyre]
Fra Rødts brev til finansministeren fredag 23.1.
Finansminister Kristin Halvorsen Les mer  [roedt]

null - Regjeringens helomvending viser at Høyres gjentatte advarsler om at politibudsjettet var utilstrekkelig, var helt på sin plass, sier Elisabeth Aspaker. Les mer  [hoyre]
null - Uten frivilligheten stopper Norge og i en tid med strammere kommuneøkonomi blir det viktig å stimulere til økt frivillig aktivitet. Det gjør vi ved å skape positive incentiver og legge forholdene til rette, sier Lene Conradi. Les mer  [hoyre]
null - Vi ønsker at flere skal få tilbud om læreplass og at skolebyggene skal bidra til et godt læringsmiljø, sier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Les mer  [regjeringen]
Regjer ingenstiltakspakke gjør det mulig å opprette 710 nye politiårsverk i år.
Med en tilleggsbevilgning på 242 millioner kroner foreslår regjeringen 460 nye sivile årsverk.  Les mer  [regjeringen]

Regjeringens tiltakspakke inneholder målrettede skattelettelser for næringslivet.
- Dette er et treffsikkert tiltak for å hjelpe de bedriftene som sliter mest til å komme over kneika, sier finansminister Kristin Halvorsen.  Les mer  [regjeringen]

Regjeringen foreslår i tiltakspakken som skal motvirke stigende arbeidsledighet å sette i gang ulike IKT-prosjekter som til sammen beløper seg til 100 millioner kroner.  Les mer  [regjeringen]