Eit skikkeleg samferdselsløft
Kilde: senterpartiet

Eg er stolt over å være samferdselsminister i ei regjering som peikar ut ein annan og langt meir offensiv kurs for å byggje heile landet, skriv samferdselsministerLiv Signe Navarsete (Sp). At vegane er gode og trygge og at toget går i rute og når ein treng det, er viktig for kvardagen til folk i heile landet. Folk skal fram til jobb og barnehage, og næringslivet skal fram med varene sine. Gode transportsystem er heilt avgjerande.
I statsbudsjettet for 2009 har regjeringa føreslått ei historisk satsing på samferdsle. Vi vil bruke 28 milliardar kroner til tryggare, meir miljøvennleg og effektiv samferdsle. Det er ein auke på 3,2 milliardar kroner frå 2008. Med dette forslaget tek regjeringa eit nytt stort løft for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet vårt, og vi meir enn oppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan 2006-2009.
Framlegget vårt til statsbudsjett for 2009 har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og løyvingar som styrkjer kollektivtrafikken. Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk er mellom anna dei områda som har fått størst auke. Løyvingane til målretta trafikktryggleikstiltak blir nær dobla og passerer no ein milliard kroner. Til vegføremål er det sett av 17 milliardar kroner. Vi har blant anna føreslått anleggsstart på seks større vegprosjekt på stamvegnettet og åtte større prosjekt på øvrig riksvegnett - i tillegg til anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt. Det vil bli mykje anleggsarbeid rundt i heile landet neste år.
Til jernbaneføremål er det sett av bortimot 9 milliardar kroner, blant anna 3,2 milliardar kroner til investeringar i jernbanenettet. Det er ein auke på 36 prosent frå i år, og såleis tidenes satsing på jernbane. Regjeringa har teke grep på jernbaneområdet og sørgjer for at jernbanen kan gå inn i ei ny tid.
Eg er stolt over å være samferdselsminister i ei regjering som peikar ut ein annan og langt meir offensiv kurs for å byggje heile landet. Budsjettet for 2009 er eit viktig skritt på vegen. Etter jul vil Samferdselsdepartementet leggje fram ein ny nasjonal transportplan for dei neste 10 åra. Her vil vi følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdselsområdet i nord, sør, aust og vest.





Kilde: senterpartiet
PÅ FORSIDEN NÅ:
-Det som foreslås bevilget i neste års statsbudsjett er for smått, sa forbundsleder Anne Mette Liavaag på folkemøtet i Oslo torsdag.
Dagen før Verdens diabetesdag hadde Norges Diabetesforbund invitert til folkemøte i Folkets Hus i Oslo.  Les mer  [diabetes]

- Gjennom EØS-midlane set Noreg eit viktig fotavtrykk i Europa, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre under eit frukostmøte med norske aktørar i Brussel i går.  Les mer  [eu-norge]
 Borghild Tenden er foreslått som listetopp. Nominasjonsmøtet blir arrangert kommende tirsdag, og det er et av de viktigste møtene i løpet av året.
Tenden kommer fra Bærum er stortingsrepresentant for Venstre for Akershus.  Les mer  [venstre]

- Norsk næringsliv trenger tjenestedirektivet, understreker Finn Bergesen jr, adm. direktør i NHO. Torsdag ble det klart at Norge ikke bruker reservasjonsretten.
Finn Bergesen jr, adm.direktør i NHO. Les mer  [nho]

Fylkesmannen samlet 12-13. november statlig etatsjefer for å bygge felles kunnskap og forståelse om to sentrale problemstillinger i norsk arbeids- og samfunnsliv.  Les mer  [fylkesmannen]

Der samles regjeringsmedlemmer fra over hundre land for å signere et forbud mot klasevåpen den 3. desember. Les mer  [folkehjelp]

Nå kan du bli Norsk Folkehjelp med i kampen mot klasebomber! Du kan gi bort "Fjern en klasebombe!" - en julegave som redder liv. Les mer  [folkehjelp]
"Landsstyret i SV støtter at SVs statsråder og stortingsgruppe tar dissens i spørsmålet om EUs tjenestedirektiv", heter det i en uttalelse vedtatt 14. november 2008.  Les mer  [sv]
Jeg er et lesende menneske.
Styrking av samisk litteratur dreier seg både om språkpolitikk og kulturpolitikk.  Les mer  [nsr]


Kvassheim understreket at Venstre er et teknologioptimistisk parti som gjerne tar i bruk teknologi i samfunnets og miljøets tjeneste Les mer  [venstre]