![]() |
|
Navarsete seier nei til tenestedirektivet
Kilde: senterpartiet Fylkesleiarane i Senterpartiet har på eit møte i dag tidlig gjeve full støtte til Liv Signe Navarsetes råd om at EU sitt tenestedirektiv ikkje skal takast inn i norsk lov, og såleis at reservasjonsretten i EØS-avtalen skal nyttast. I går gav Senterpartiet si stortingsgruppe råd om det same. Fylkesleiarane i Senterpartiet har på eit møte i dag tidlig gjeve full støtte til Liv Signe Navarsetes råd om at EU sitt tenestedirektiv ikkje skal takast inn i norsk lov, og såleis at reservasjonsretten i EØS-avtalen skal nyttast. I går gav Senterpartiet si stortingsgruppe råd om det same. Navarsete har tidlegare varsla at ho ikkje er innstilt på å akseptere direktivet. - Eg har drøfta saka med fylkesleiarane i dag og dei har gjeve samrøystes støtte til mitt syn. Eg er glad for eit så klart råd, og vil difor innstille overfor sentralstyret i morgon at vi skal seie nei til tenestedirektivet, seier Liv Signe Navarsete. Senterpartiet er positive til at arbeidsfolk frå andre land skal komme til Noreg og kunne ta seg arbeid her, men det skal skje til norske løns- og arbeidsvilkår. Sikrar vi ikkje dette, bidreg vi til at lønsnivået også for norske arbeidstakarar over tid vert pressa nedover i utsette bransjar. Tenestedirektivet vil gjere det vanskelegare å organisere eit anstendig arbeidsliv i Noreg, der ein sikrar norske løns- og arbeidsvilkår og slår ring om faglege rettar. I si grunngjeving trekkjer fylkesleiarane mellom anna fram at norske styresmakter sin mogelegheit til å stille krav overfor utanlandske, besøkjande tenesteytarar vert sterkt begrensa med tenestedirektivet. - Tenestedirektivet fastslår at den nasjonale arbeidsretten skal respektere fellesskapsretten. Aksepterer ein dette, aksepterer ein at EF-domstolen sin rettspraksis skal overstyre norsk arbeidsrett. Det er Senterpartiet i mot, seier fylkesleiarane. LO har utfordra regjeringa på å gi garantiar på fire sentrale områder, slik som sosial dumping, nasjonal styringsrett og nasjonal arbeidsrett. Dette er garantiar som inga norsk regjering kan gi. Det er EF-domstolen som gjennom sin rettspraksis vil avgjere korleis utviklinga vil bli framover. Erfaringane med EF-domstolen sine avgjerder, syner at domstolen bidreg til å svekke faglege rettar og styringa av offentlege tenester. Kilde: senterpartiet
|