Justisminister Knut Storberget gratulerer Bergljot Webster og William Matheson, to av dei tre nye dommarane i Høgsterett som vart utnemde i dag.
Justisminister Knut Storberget gratulerer Bergljot Webster og William Matheson, to av dei tre nye dommarane i Høgsterett som vart utnemde i dag.
Nye dommarar i Høgsterett
Kilde: odin

Justisminister Knut Storberget gratulerer Bergljot Webster og William Matheson, to av dei tre nye dommarane i Høgsterett som vart utnemde i dag.

Lagdommar Erik Møse, advokat Bergljot Webster og advokat Wilhelm Matheson er utnemnde til nye dommarar i Høgsterett.
I løpet av få år vil mange av dommarane i Høgsterett, derav fleire kvinner, gå av på grunn av aldersgrensa. - Eg ønskjer at Høgsterett skal femne vidt og samansetjinga bør spegle det samfunnet vi har, seier justisminister Knut Storberget. - Med utnemningane i statsråd i dag har Høgsterett fått ytterlegare tre glimrande juristar med brei og solid erfaringsbakgrunn. Vi får med dette også ein ny kvinneleg dommar i Høgsterett. Dette er eit riktig steg på vegen når det gjeld kjønnsbalansen i Høgsterett, og er med på å sikre at Høgsterett framleis er ein breitt samansett domstol, avsluttar justisministeren.
Om dei utnemnde:
Erik Møse er fødd i 1950. Han avla juridisk embetseksamen i 1976. Etter eksamen var han byråsjef og seinare lovrådgivar i Justis- og politidepartementets lovavdeling. Frå 1985 til 1986 var han dommarfullmektig ved Eiker, Modum og Sigdal sorenskrivarembete. Frå 1986 til 1993 var han tilsett som advokat og frå 1989 advokat med leiaransvar hos Regjeringsadvokaten. Frå hausten 1992 var han fungerande regjeringsadvokat. Han blei konstituert lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 1993. I desember 1993 blei han utnemnd til lagdommar ved Borgarting lagmannsrett der han arbeidde fram til 1999. Frå 1999 har han vore dommar ved FNs straffedomstol for Rwanda. Han var domstolens visepresident frå 1999 til 2003 og president frå 2003 til 2007.
Bergljot Webster er fødd i 1966. Ho avla juridisk embetseksamen i 1992. Etter eksamen var ho advokat hos Regjeringsadvokaten fram til 2000. I perioden 2000 til 2004 var ho tilsett som advokat i Nordisk Skibsrederforening, og frå 2004 til 2005 partnar i Advokatfirmaet Sørlie Wilhelmsen ANS. Sidan 2006 har ho vore partnar i Advokatfirmaet Hjort DA.
Wilhelm Matheson er fødd i 1955. Han avla juridisk embetseksamen i 1982. Etter eksamen var han førstekonsulent/lovrådgivar i Justis- og politidepartementets lovavdeling og gjesteforskar ved Max-Planck-Institut fÃr ausländisches und internationales Strafrecht, Freiburg, Tyskland. Han arbeidde som dommarfullmektig ved Lier, Røyken og Hurum sorenskrivarembete frå 1987 til 1988. I 1989 blei han tilsett som advokatfullmektig hos Mellbye, Schjoldager, Sejersted, Tenden. Sidan 1990 har han vore advokat og partnar i advokatfirmaet Wiersholm.





Kilde: odin
PÅ FORSIDEN NÅ:
Nominasjon, storting Basert på den uro som har oppstått i forbindelse med nominasjonsprosessen i Østfold Høyre foran Stortingsvalget 2009, ønsker nominasjonskomitéen å gjøre følgende presiseringer. Les mer  [ostfold.hoyre]
Europakommisjonens president, José Manuel Barroso, understreket onsdag viktigheten av energisamarbeidet med Norge for EU. Han møtte pressen sammen med statsminister Jens Stoltenberg i Brussel. Les mer  [eu-norge]
En av våre rådgivere skal ut i foreldrepermisjon. Vi søker derfor en samfunnsøkonom for perioden 15. februar 2009 - 1. mars 2010. Les mer  [finansforbundet]

Kommuner (ordfører/politikere, rådmann, kultur/idrett, skole, plan, helse/fysak), idrettsråd, idrettskretser, særkretser, fylkeskommuner (politikere, regional utvikling, idrett, fysak, folkehelse, opplæring, videregående skoler). Les mer  [stfk]

Velkommen etter! 16. desember 2006 vedtok Unge Venstre en uttalelse som ba regjeringen overse ropene om å legge ned veto mot EUs tjenestedirektiv.
dag kom nyheten om at Arbeiderpartiet vil følge den oppfordringen, og Unge Venstre ønsker velkommen etter! Les mer  [uv]

Henrik Wergeland  Les mer  [kulturnett]
Skedsmotun bo- og behandlingssenter, Skedsmo kommune 13. november 2008
Gratulere med opprettelsen av ny enhet for lindrende behandling her ved Skedsmotunet bo- og behandlingssenter! Les mer  [regjeringen]

Siv Jensen Artikkel 2007
Sammen med stortingsrepresentantene Jan Arild Ellingsen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, har Jensen fremmet et såkalt Dokument 8-forslag som munner ut i ti konkrete punkter for å bedre forholdene for norsk politi. Les mer  [frp]

 Venstre sier ja til EUs tjenestedirektiv. For Venstre representerer tjenestedirektivet et viktig steg på veien mot kunnskapssamfunnet. Det er kunnskap og kompetanse som vil være Norges fremste konkurransefortrinn i fremtiden, sier Venstres nestleder Trine Skei Grande. Les mer  [venstre]
EU har nylig vedtatt nye og strengere regler for å temme frekke ferieklubb-selgere. Men mange lokkes fortsatt under feriesola. Norske og europeiske forbrukerorganisasjoner aksjonerer derfor nå på flyplasser og turistmål. Les mer  [forbrukerombudet]