![]() |
Kilde: nyheter.doffin Reglane for offentlege innkjøp skal etterlevast, det skal verte auka interesse for å kome med tilbod i offentlege tevlingar, og e-handel skal innførast i staten. Dette er hovudpunkta i ein treårig plan som den svenske regjeringa har gjort framlegg om i sitt 2009-budsjett. Til saman vert det sett av 133 millionar kroner over tre år til føremålet, der ei innkjøpspakke og e-handelinnføringa åleine krev helvta av pengane. Om lag to veker før statsbudsjettet låg føre her heime, var den svenske regjeringa ute med sitt 2009-framlegg. Mellom tiltaka finn vi her ei innkjøpspakke som skal verke i åra 2009-2011. Dei 133 millionane som vert løyvde, skal fordelast over dei tre åra og på ei rekkje tiltak. Føremålet med innkjøpspakka er mellom anna å stogge utviklinga med færre og færre tilbod i dei offentlege innkjøpstevlingane. Mange av dei som gjer innkjøp, og mange av dei som kjem med tilbod, skriv regjeringa, meiner det er komplisert med offentlege innkjøp. Når det er slik, vert det til at småverksemder ikkje lenger ønskjer å vere med i tevlingane. Kammarkollegiet får derfor i oppdrag å etablere ein funksjon som dei kallar innkjøpsstøtte, som skal hjelpe til med råd og rettleiing i samband med innkjøpsprosessen. Både dei som står for prosessen og dei som er inviterte med i han, kan gjere bruk av denne hjelpa.
I budsjettet ligg det dessutan pengar til arbeidet med å etablere e-handel i den svenske staten. Desse ressursane skal nyttast til å etablere ei statleg e-handelsplattform. Ekonomistyrningsverket har i ein rapport nyleg slått fast at det er ei eigna målsetjing at dei fleste statlege einingane bør kunne gjere e-innkjøp i 2010. For regjeringa er det å gå over til å nytte meir avanserte elektroniske verktøy i innkjøpa eit verkemiddel for å hente effektiviseringsvinstar både hos innkjøpseiningar og leverandørar. Det er Kammarkollegiet som får oppdraget med å sjå til at e-handelen kjem i gang for alvor i den svenske staten i 2010. Innkjøpsstøtte og innføring av e-handel tek om lag halvparten av den treårige løyvinga på 133 millionar kroner. Ein god del pengar går elles til Konkurrensverket, som skal overvake at reglane for offentlege innkjøp vert etterlevde. Konkurrensverket får dessutan eit anna verkemiddel som dei g kan nytte i denne kampen, nemleg retten til å fremje innkjøpssaker for domstolane. I 2009 får dessutan svenskane ei eiga lov om valfridom, som gjeld tenester innanfor helse- og sjukehussektoren. Dette er ei lov som Konkurrensverket g skal passe på. Kilde: nyheter.doffin
|