![]() |
Kilde: mil I ein høgtideleg seremoni tysdag 21. oktober vart den nye tørrdokken til Sjøforsvaret offisielt opna av statsminister Jens Stoltenberg. Av Jan Tore Remøy og Vegard Grøtt (foto) Representert var mellom anna óg forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen og generalinspektøren for Sjøforsvaret, kontreadmiral Haakon Bruun-Hanssen. Dokken på Haakonsvern innehar mellom anna alle naudsynte kapasitetar som trengst til dei nye fregattane i Nansen-klassen. Tørrdokken, som er skreddarsydd for Forsvaret sitt bruk, blir ein viktig ressurs for effektivt vedlikehald av alle Sjøforsvaret sine farty. I høve opninga var KNM Valkyrien inndokka, og på slutten av seremonien vart dokken fylt med vatn og fartyet igjen sjøsett. - Denne dagen er ein stor og viktig dag for Forsvaret generelt, og for Sjøforsvaret og Forsvarets logistikkorganisasjon spesielt, seier sjefen for Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), generalmajor Trond R. Karlsen. Godt vedlikehald er heilt naudsynt for at fartya kan haldast operative i heile deira levetid. - Med denne tørrdokken vil tilhøva ligge svært godt til rette for vedlikehald i framtida. Dokken vil skape robustheit innan vedlikehald og vere eit viktig bidrag til Sjøforsvarets logistikkberedskap, seier generalmajor Karlsen. - Tørrdokken er ei befesting på at Haakonsvern og Bergen er og skal vere basen for Sjøforsvaret. Hit kjem fregattane i Nansen-klassen, dei nye MTB-ane, rekrutt- og befalsskule; det er her Sjøforsvaret høyrer heime, seier statsminister Jens Stoltenberg. I tillegg kjem generalinspektøren for Sjøforsvaret til å bli flytta til Haakonsvern frå Oslo, der han no sit. - Det er viktig for Forsvaret, Sjøforsvaret og Vestlandet at tørrdokken er på plass. Den sikrar vedlikehald av Sjøforsvaret sine farty, samt at den sikrar kompetansen innan dette viktige fagfeltet. Verkstader og støttefunksjonar blir veldig ofte undervurderte i berekninga av stridskrafta, fortset statsministeren. Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har vore ei av pådrivarane for tørrdokken. - Det er stor stas å få opna tørrdokken. Det er eit flott byggverk som er viktig for infrastrukturen i Sjøforsvaret. Dette er ein stor dag, seier Strøm-Erichsen. Prosjektleiar for tørrdokken, Bjørn Tore Rognstad, er óg svært nøgd. - Dette er ein gledens dag. Det er eit eventyr at vi har kome i land både kvalitetsmessig og økonomisk, seier Rognstad. Sjefen for verkstadane i Sjøforsvaret, Ivar J. Knudsen, var også til stades og uttrykte stor glede for å ta i bruk den nye dokken. Kilde: mil >
|