Wenche Kristiansen
Wenche Kristiansen
Stipendiatanes inntogsmarsj
Kilde: hio

Frå reproduksjonsforsking til barn med fysisk funksjonshemming med nokre gode svingar innom svevestøv og eldre folk med slag. Stipendiatane ved Avdeling for helsefag har hatt workshop. Dekan Nina Waaler Loland ønskte velkomen til denne hendinga som nå vert årleg. Den skal vera fagleg stimulerande for stipendiatane og fagmiljøet, ho håpte også den ville verka drivande på prosjekta.
Helsefag er stolte av stipendiatane og det er viktig for både avdelinga og dei at dei lukkast.
Wenche Kristiansen : Genetiske variasjoner og testikkelkreft


Ho er stipendiat ved master i biomedisin, gruppe for reproduksjonsforskning. Ho vil sjå på korleis variasjoner i gener kan gje utslag i utvikling av testikkelkreft. Noreg er i toppen av statistikken med omsyn til tilfelle av testikkelkreft.
Vi (norske menn) ligg også dårleg an når det gjeld sædkvalitet, og det finst kanskje ein samanheng her? Prosjektet ser på årsakene til testikulær feilutvikling og studerer genetiske variasjonar.
Otterholt er tilknytta forskingsprogrammet: Teknologi, Design og Miljø, og tilhøyrer storbyforskingsgruppa
Dagens forskrift for kvaliteten på drikkevatn krev ikkje test av eukaryote patogener. Dette prosjektet vil omfatta spesielle dyrkingsteknikkar og DNA-teknikkar for å karakterisera desse eukaryote patogenene i drikkevatnet.
Vekst av mikrober i leidningsnettet er avhengig av mengda assimilerbart, organisk karbon i vatnet (AOK). AOK- nivåa kan ha innverknad på graden av mikrobiell vekst på leidningsnettet, og dette vil bli undersøkt i prosjektet.
Det er ikkje mange antimikrobielle middel som verker på infeksjonar som er forårsaka av eukaryote organismer. Potensielle patogene soppartar blir resistente mot antibiotika. Det skal derfor lagast resistensprofilar av soppisolat i forhold til eksisterande og nye antimikrobielle legemidler.
Anne Langaas: Kropp, bevegelse og fysisk aktivitet. Om profesjonssosialisering hos fysioterapeutstudenter
Målet med studiet er å få ny kunnskap om fysioterapeutstudentane sin identitets- og sosialiseringsprosess i løpet av studietida og tidleg i yrkeslivet, med særleg vekt på forståing av kropp, rørsle og fysisk aktivitet.
Korleis forstår fysioterapeutstudentar og nyutdanna fysioterapeutar desse omgrepa? Kva for prosessar går dei gjennom for å koma til denne innsikta? Vert forståinga endra gjennom studieløpet og dei første åra i arbeidslivet.
Korleis taklar fysioterapeute(student)en spenningsfeltet mellom kunnskap og haldningar til kropp, rørsle og fysisk aktivitet som kjenneteikner den norske kulturen?
«Vi (norske menn) ligg også dårleg an når det gjeld sædkvalitet, og det finst kanskje ein samanheng her? »
Kjem eigne personlege verdiar og forståingar av kropp, rørsle og fysisk aktivitet i konflikt med yrkesrollen?
Langaas har bakgrunn i fysioterapeututdanninga og metodemessig brukar ho studentane ikkje bare som informantar, men også som medarbeidarar i prosjektet . Ho observerer studentane, samtaler med dei og med ressurspersonar. Ho analyserer også helsepolitiske dokument t.d. stortingsmeldingar for å studera ulike forståingar av rørsle og fysisk aktivitet.
Rettleiarane hennar kjem frå så forskjellige felt som medisinsk historie og litteraturvitskap.
Inger Marie Lid: Menneskesyn og erfaringer i universell utformingmed vekt på etikk, mangfold og byliv
Inger Marie Lid har bakgrunn som teolog og er tilknytta storbyprogrammet .Eit inkluderande samfunn er ei politisk målsetting og dette inneber universell utforming . Likeverdstanken er sentral og demokratiserande - ein har lik rett til å bevega seg i rommet. Ho ser på mennesket sine vilkår for å realisera seg sjølv, utfalda seg og uttrykkja seg i rommet, korleis ein opplever byen sine kvalitetar og kva barrierer som finst.
Byromsanalyse av offentlege byrom i Oslo. Metoden er dialog og konkret gange gjennom eit offentlig byrom i Oslo saman med personar med nedsett funksjonsevne
Omgrepsanalyse: Korleis er tanken om universell utforming nedfelt i lov og regelverk i Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven og Plan og bygningsloven, i den nye FN konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.
Etisk drøfting. Kva for konsekvens bør målsettinga om eit inkluderande samfunn få for kva som blir vektlagt i byutvikling?
Kristin Bakke Lysdahl: Forbruk av diagnostisk radiologi? Variasjon over tid og geografiske påvirkningsfaktorer, radiologiens rolle og etiske implikasjoner
Lysdahl er nesten ferdig med arbeidet sitt. Ho har sett på forbruket og intervjua radiologar om kvirfor forbruket aukar slik det gjer.


Det ser ut som om mykje av auken kan skuldast at teknologien finst, at maskinane er der og kan brukast. Det er mykje av den geografiske spreiinga som tyder på dette.
Pasientar/brukarar av helsetenester vil også gjerne ha klare svar på kva dei feiler, dei er ei gruppe som er blitt svært medvitne om sine rettar, og primærlegen viser dei vidare.
Det ser ut som om mange slike undersøkingar ikkje er naudsynte. Radiologen bør i større grad få høve til å avvise overflødige undersøkingar etter eige, fagleg skjøn.
Kariann Krohne: Evidensbaserte tiltak faglig skjønn eller brukerstyring? Dilemmaer og sykehusrehabilitering av geriatriske pasienter
Krohne er stipendiat på Masterstudiet i rehabilitering og har nett begynt på arbeidet sitt. Det vert forventa at helsepersonell i stadig større grad skal fungera som tilretteleggjarar for pasientar i rehabilitering. Dette utfordrer ikkje bare behandlarane si handtering av evidensbaserte tiltak og bruk av eige fagleg skjønn, men det stiller også store krav til pasienten sin motivasjon og bruk av eigen ekspertise.
Dette prosjektet vil undersøkje på kva måte tre område i rehabilitering av geriatriske pasienter: evidensbaserte tiltak, fagleg skjøn og brukarstyring, kan vera i kontekstuell og strukturell konflikt med kvarandre. Studien er bygd opp rundt eit kvalitativt feltarbeid med vekt på intervju, fokusgrupper og dokumentmateriale avgrensa til rehabilitering av geriatriske pasienter på sjukehus.
Anne Lund: Trivsel, aktivitet og sosial deltagelse etter hjerneslag/TIA En randomisert kontrollert undersøkelse
Anne Lund er ergoterapeut, stipendiat Ullevål universitetssykehus oghøgskolelektor på ergoterapeututdanninga.
60 -70 000 nordmenn lever med seinverknader etter hjerneslag. Depressive symptom, angst, sosial isolasjon og uro går ein ut frå rammer mellom 20 og 60 % av desse. Vi veit lite om eigna tiltak for pasientar med lette nevrologiske symptom, men som likevel opplever sosial isolasjon, depresjon og nedsatt tilfredshet etter slaget.
Lifestyle Redesign (LR) er et helsefremmande intervensjonsprogram i grupper, med erfaringsutveksling og involvering av deltakarar, som kan vera eit potensielt tiltak for desse.
Undersøkinga vert gjennomført som ei randomisert kontrollert multisenter studie som rekrutterer pasientar frå fleire sjukehus i Oslo og Bærum. I tillegg vert eldresentre involverte.
Jan Inge Herseth: Partikler i uteluft og helseskader. Tidlig respons i in vitro systemer
Partikler vi blir eksponerte for i uteluft kan kome frå menneskeleg aktivitet eller oppstå naturleg som for eksempel ved erosjon på grunn av vind. Storleiken på partiklane som kjem ned i luftvegane er mindre enn 10 m. Inhalasjon av partiklar frå uteluft kan knytast til ei rekke sjukdommar som for eksempel astma, allergi, kronisk obstuktive lungesjukdomar, og kreft. Dei kan også relaterast til sjukdommar i hjarte/kar. I tillegg kan kanskje slik luftforureining framskunde tidleg død.
I doktorgradsarbeidet har Herseth nytta seg av fem forskjellige kokultur system samansett av tre forskjellige lungeceller. Desse kokulturene er eksponerte for partiklar frå fleire kjelder, mellom anna vegstøv og partiklar frå vedfyring.
Studien kan vera nyttig ved forebygging av av kroniske lungesjukdommer der mekanismane bak sjukdomsutviklinga er ukjent.
Halvor M. Hanisch : Andre ord for et annerledes barn. Et delprosjekt om foreldrelitteratur for foreldre til funksjonshemmede barn
Hanisch er stipendiat ved Masterstudiet i rehabilitering. Han tar for seg litteratur for foreldre til barn som er annleis. Det finst ein eigen bokmasse for foreldre til funksjonshemma barn. Her fann han forskjellige historietypar.
Den eine varianten er handlar om meistring. Dette er praktiske historiar om korleis ein skal finna praktiske løysingar på daglegdagse problem som er spesielle for slike familiar.
Ein annan variant er arbeidet for å sjå verdigheten hos eit annleis barn. Avviksforståing er ikkje nok for foreldre. Dei treng å sjå kvalitetane i eit familieliv der ein er nærare og meir avhengige av kvarandre, kvaliteten av å yte omsorg.
Fleire av historiane peiker på at det å ha eit funksjonshemma barn gjer deg opnare og meir aksepterande for mangfald.Historiar om barn under ti fortel at dei er klokare enn andre barn på same alder.
Fagfolk må kjenna til og akseptera at desse historiane finst for på best mogleg måte å kunna samarbeida med familiane. Desse historiane er ei ressurs
Hanne Hagland: Tverrprofesjonalitet i helsefagutdanningen, ideologi og praksis
Doktorgradsstudent: Hanne Hagland, Ph.d. programmet ved Senter for profesjonsstudier, HiO-rettleiarar: Professor Per Solvang og professor Jens-Christian Smeby
Korleis blir ergoterapeut-, fysioterapeut-, medisiner- og sjukepleierstudentar involverte i, og korleis oppfattar dei samhandling på tvers av profesjonsgrensene i praksisstudiet?
Dagens pasientbehandling/-omsorg forutset ofte samhandling mellom fleire profesjoner, og samstundes blir profesjonane kritiserte for mangelfullt samarbeid. Stipendiaten ønskjer å problematisere det tverrprofesjonelle som handlingsgrunnlag og som ofte blir tatt for gitt i slik samhandling.
Prosjektet er eit empirisk kvalitativt studie av korleis samhandling på tvers av profesjonsgrenser skjer, og vert lært i sjukehusavdelingar der studentar har praksisstudier.


FoU-koordinator Audun Sanderud, Mona Asbjørnslett og Hanne Hagland
Kva preger denne samhandlinga i relasjon til profesjonstilhøyre og tverrprofesjonalitet, og korleis blir det vist i deltaking, språk og handling. Blir studenters kunnskap utfordra og utvikla gjennom samhandling på tvers av profesjonar?
Empirisk materiale består av feltstudier frå to sjukehusavdelingar for vaksne, somatisk sjuke pasientar, intervju med femten studentar og gruppesamtale med studentanes praksisrettleiarar.
Mona Asbjørnslett: Om å være der det skjer - profesjonsutøvelse og barns deltakelse
Prosjektet er eitt av tre delprosjekt ved forskningsprogrammet Helse Omsorg og Velferd (HOV). Dette prosjektet handlar om barn med fysiske funksjonsvanskar i overgangen mellom barne- og ungdomsskole. Formålet er å sikre barns deltaking i eige kvardagsliv gjennom å utforske og løfte frem god praksis for samhandling mellom profesjonelle i skole, kommunehelseteneste og barn med fysiske funksjonsvansker.
Profesjonelle kan vera lærarar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, helsesøstre, spesialpedagogar og psykologar frå PP Teneste, og assistentar som skal hjelpe barnet med praktiske ting det ikkje meistrar sjølv. Både barn, foreldre og profesjonsutøvarar er med som informantar til dette prosjektet.





Kilde: hio
>
PÅ FORSIDEN NÅ:
Nord-Trøndelags bidrag blant 20 utvalgte kulturlandskap i Norge blir enten Logtun og Tautra i Frosta kommune eller Skei og Skeisnesset i Leka kommune.
Fylkesmannens landbruksavdeling har hatt ansvar for utarbeiding av områdeplaner for Logstein/Logtun og Skei/Skeisnesset.  Les mer  [fylkesmannen]

Wenche Kristiansen Frå reproduksjonsforsking til barn med fysisk funksjonshemming med nokre gode svingar innom svevestøv og eldre folk med slag.
Vi (norske menn) ligg også dårleg an når det gjeld sædkvalitet, og det finst kanskje ein samanheng her?  Les mer  [hio]

White House. 03.11 Ni av ti europeere håper at USAs neste president heter Barack Obama. Det gjør jeg også, skriver BI-professor Arne Jon Isachsen. Han er likevel skuffet over møtet med Obamas økonomiske politikk.
Det amerikanske presidentvalget: Les mer  [bi]

Bilde av fylkesmann Kristin Hille Valla
Problemstillingen har kommet opp i flere møter mellom kommunene og Fylkesmannen i høst, og fylkesmann Kristin Hille Valla har tatt det opp med departementer og rikspolitikere. Les mer  [fylkesmannen]

>
Odd A Salvesen Pensjonistpartiet | Fylkestingsrepresentant Odd A. Salvesen topper Pensjonistpartiets stortingsvalgliste
Salvesen topper Pensjonistpartiets stortingsvalgliste - Vest-Agder Fylkeskommune Les mer  [vaf]

Belastningene på vannmiljøet  i Liervassdraget  er kartlagt. Det er utarbeidet en tiltaksanalyse som skal  bedre den økologiske og vannkjemiske tilstanden i vassdraget.
Vanndi rektivet er tidligere implementert i norsk lovgiving gjennom Les mer  [fylkesmannen]

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender 1. november ein instruks til Utlendingsdirektoratet (UDI) som skal sikre opphaldsløyve til dei som har vitna i ei straffesak om menneskjehandel. Les mer  [regjeringen]
Oljedirektoratet har gitt StatoilHydro Petroleum AS boretillatelse for brønnbane 7125/4-2, jf Ressursforskriften paragraf 8. Les mer  [npd]
Les fylkesrådmann Liv Fredriksens forslag til økonomiplan 2009-2012 og årsbudsjett 2009. Les mer  [rogfk]
FrP mener regjeringens allergi mot skatteletter vil føre til massiv ledighet. - Når regjeringen rir sine politiske kjepphester gambler den med tusenvis av arbeidsplasser, mener partiets finanspolitiske talsmann Ulf Leirstein. Les mer  [frp]