![]() |
|
Mot forretningar på Rennesøy
Kilde: fylkesmannen Kommunen planlegg nye forretningsareal for detaljhandel langs E39 ved Dalaker og Askje vest. Etableringane er ikke ein del av gjeldande senterstruktur og svekkar Vikevåg som senter på Rennesøy. Fylkesmannen har fremja motsegn til følgjande to 2 reguleringsplanar: 1. Reguleringsplan Dalaker, Rennesøy 2. Reguleringsplan Askje Vest, Mosterøy Felles for desse 2 planane er at dei ligg inntil E39 og omfattar etablering av nye forretningsareal utanfor dagens senterstruktur. Begge planane kjem i konflikt med Fylkesdelplanen for langsiktig byutvikling på Nord-Jæren. Begge planane er etter Fylkesmannen si vurdering også i strid med kommuneplanen, sjølv om dei ligg inne som næringsområde i planen. For Dalaker-området er det i kommuneplanen berre opna for ny bensinstasjon, medan det for Askje Vest ikkje er lagt opp til nokon utvidingar knytt til eksisterande daglegvarebutikk.
Etablering av forretningsareal ved Dalaker var også til handsaming ved den førre kommuneplanrullering. Den gong fremja Fylkesmannen motsegn til etableringa. Etter drøftingar vart det akseptert at det kunne leggast inn ein bensinstasjon. At spørsmålet om forretning kjem opp att på ny, kan derfor betraktast som ein omkamp i forhold kommuneplanen. 2. Askje Vest For Askje Vest er det i tillegg til ei utviding av forretningsarealet lagt inn 15 bustadeiningar. Bustadane kjem i konflikt med kommuneplanen, ved at det her ikkje er opna for nye bustadar. Omsøkt tomt vurderast som lite eigna for bustadføremål med si lokalisering direkte inntil E39. Både i forhold til støy og trafikktryggleik er dette ei uheldig lokalisering. For bustadane er det lagt opp til leikeareal på takterrassen av det kombinerte forretnings- og bustadbygget. På bakkenivå er det ikkje satt av eigna areal for leik. Leikearealet oppfyller ikkje dei målsettingane som ligg inne for barn og unges oppvekstmiljø i dei Rikspolitiske retningslinene "Om barn i planlegging" T-2/08. Manglande kvalitet på leike- og uteareal med omsyn på barn og unge understøttar vår motsegn til planen. Relaterte dokument Kilde: fylkesmannen >
|