![]() |
|
Framleis PCB i lysarmatur
Kilde: fylkesmannen Fristen for å skifte ut PCB-haldige kondensatorar var 31. desember 2007. Tilsyn i vår viste at byggeigarar ikkje var heilt i mål med utskifting, sjølv om fristen var ute. I vår hadde Fylkesmannen ein kontrollaksjon for å sjekke om byggeigarar i fylket har skifta ut PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur innan fristen gjekk ut 31. desember 2007. Merkeplikta for PCB-haldige isolerglasruter var også tema. Kontrollaksjonen var landsdekkjande og det var den fjerde aksjonen retta mot PCB i løpet av får år. Fylkesmannen gjennomførte 11 kontrollar fordelt på 4 private byggeigarar og 7 offentlege verksemder (av desse 5 kommunar). Nokre verksemder vart i tillegg kontakta på telefon som oppfølging av tidlegare tilsyn. Vi gjennomførde også oppfølging av nokre kontrollobjekt frå brevkontrollen i 2007. 2 av verksemdene vi besøkte hadde alt i orden, og fekk derfor ingen avvik. 8 av 11 verksemder hadde ikkje skifta ut PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur. Regelverket var kjent for alle, men utfasinga var ikkje heilt i mål. Kontrollen avdekka at regelverket om merking av PCB-haldige isolerglasruter ikkje er like kjend som utfasingsplikta for kondensatorar. Inntrykket er at sidan rutene "berre" skal merkast blir ikkje denne delen av regelverket oppfatta som så viktig. 3 kjende ikkje til merkeplikta for PCB-haldige isolerglasruter 5 hadde ikkje merka rutene. Stolar på underleverandørar for forsvarleg handtering 6 av 11 verksemder har ikkje skriftlege rutinar som sikrar forsvarleg handtering av kasserte PCB-haldige produkt. Byggeigarar stoler på at underleverandørar, til dømes glasmeistrar og elektrikarar, handterer dei kasserte produkta forsvarleg. Byggeigarane har ansvar for at eige avfall vert handtert i tråd med regelverket, og må kunne dokumentera dette. I 2007 hadde vi brevkontroll av til saman 1189 byggeigarar. Dei som ikkje svarte på brevkontrollen fekk purrebrev og varsel om tvangsmulkt. Vi prioriterte å følgje opp byggeigarar utan utfasingsplan for PCB-haldige kondensatorar og byggeigarar som hadde over 100 PCB-haldige isolerglasruter utan merking. Desse fekk pålegg om utbetring og varsel om tvangsmulkt. Over 1475 PCB-haldige kondensatorar er skifta ut og over 6200 PCB-haldige isolerglasruter er merka etter oppfølging av byggeigarar tilskrive i brevkontrollen. PCB er ei prioritert miljøgift, og Statens forurensningstilsyn og fylkesmannen vil gjennomføre nye kontrollar i 2009. Det er framleis behov for informasjon om PCB, og då særleg at PCB har vore brukt i maling og liknande. Ei utfordring er å få byggeigarar til å kartlegge om det har vore brukt PCB-haldige materialar i byggja sine. Det er viktig at det blir tatt førehandsreglar før ytre rehabilitering av PCB-haldige fasadar for å hindre spreiing av miljøgifta. Kilde: fylkesmannen >
|