![]() |
|
Ny amerikansk president - ny klimapolitikk?
Kilde: cicero.uio Kva er utfordringane i amerikansk klimapolitikk, og kva betyr det kven som blir valgt, spør CICERO-forskar Asbjørn Torvanger i ein kronikk på Forskning.no. Vi har i dag ein internasjonal avtale for å redusere utsleppa av klimagassar - Kyotoprotokollen - som gjeld frå januar i år og ut 2012. I følgje Kyotoprotokollen har kvart i-land plikt til å redusere sine utslepp av klimagassar med ein viss prosent i forhold til 1990. I gjennomsnitt er reduksjonen på 5%. Avtalen omfattar berre 28% av globale utslepp sidan u-landa ikkje har bindande krav om å redusere sin klimgassutslepp, og på grunn av at President Bush trakk USA frå avtalen i 2001. Bakgrunnen for at USA trakk seg ut kjem tydeleg fram av det einstemmige vedtaket Senatet gjorde i juli 1997, nemleg at USA ikkje kan bli med på ein internasjonal klimaavtale med mindre u-landa også forpliktar seg til kutt i sine utslepp av klimagassar, og at ein slik avtale ikkje måtte føre til alvorleg skade på amerikansk økonomi. Forhandlingar er no i gang om vidareføring av Kyotoprotokollen, med sikte på å vedta ein ny avtale på klimamøtet i København i desember neste år. I tillegg er det forhandlingar med utgangspunkt i Klimakonvensjonen frå 1992, som siktar mot tiltak og politikk i både i-land og u-land som kan oppfylle målet om å unngå ei farleg menneskeskapt klimaendring. Det er stor avstand mellom EU, Kina, India, USA og andre viktige partar i forhandlingane. Forhandlingane går sakte framover, så det er usikkert kva ein kan oppnå til desember 2009. Ei av utfordringane er å få USA meir aktivt med, og i denne samanhengen blir det amerikanske presidentvalet interessant. Bush-administrasjonen har vore negativ til alle initiativ for å regulere karbondioksid i USA. Nokre forslag til å innføre handel med klimakvotar har komme opp i Kongressen, men ingen har så langt blitt vedteke.
Mange delstatar har teke initiativ på eiga hand for å regulere utslepp av klimagassar. I aust har 10 delstatar oppretta eit system for handel med klimagasskvotar (Regional Greenhouse Gas Initiative - RGGI) som starta opp i september, og i vest arbeider California med eit kvotehandelsystem som skal komme i gang i 2012. Presidentkandidatane McCain og Obama er samde om at USA skal prioritere klimapolitikk og ta igjen den internasjonale leiarrolla landet hadde fram til 2001. Obama er meir ambisiøs enn McCain og ynskjer 80% reduksjon i utsleppa av klimagassar til 2050 (relativt til 1990), medan McCain vil redusere med 60%. Begge vil innføre eit nasjonalt system for kvotehandel, men Obama vil auksjonere kvotane medan McCain vil dele dei ut gratis og leggje inn mekanismar som hindrar at kvoteprisen blir for høg. Obama legg vekt på å erstatte fossile energi med vedvarande energikjelder, medan McCain vil satse på kjernekraft. Begge kandidatar vil ha ei stor utfordring i å få nok støtte i Kongressen til å innføre ein juridisk bindande klimapolitikk. Heile Representantane sitt hus og 1/3 av Senatet er på val i november. Venteleg vil demokratane få inn fleire representantar, men det blir likevel krevjande å få støtte til ein stram klimapolitikk frå 60 (av 100) senatorar for å unngå ein uthalingstaktikk frå motstandarar, og ikkje minst støtte frå 2/3 av senatorane for å inngå ein bindande internasjonal avtale. Det er ikkje berre fordelinga av demokratar og republikanarar som er viktig. Demokratar frå statar der kol-basert industri er viktig vil motsetje seg ein stram klimapolitikk. Enten den nye presidenten heiter Obama eller McCain kan vi vente at den nye administrasjonen vil bruke mange månader på å utarbeide forslag til ei føderal klimalov for USA. Dette er ein prosess som vil ta lang tid innanlands for finne kompromiss og få nok støtte i Kongressen, og det kan vere andre presserande saker som vil ta tid, slik som finanskrisa og økonomisk tilbakegang. I tillegg er det utfordringar knytt til å innføre ei føderal klimalov når nokre delstatar alt har teke eigne klimapolitiske initiativ. Før ein nasjonal politikk er på plass kan vi ikkje vente at USA kan ta større initiativ internasjonalt. Erfaringane frå Kyotoprotokollen peikar i same retning, der USA var med på forhandlingar om ein internasjonal avtale før den nasjonale klimapolitikken var avklart. USA vil fyrst kunne ta ei leiande rolle i internasjonal klimapolitikk når nasjonal politikk er på plass, kanskje i 2010 eller 2011, noko som er alt for seint med tanke på klimamøtet i København neste år. Ettersom det er viktig å USA aktivt med i klimaforhandlingane framover står det internasjonale samfunnet overfor ei stor utfordring. Store u-land som Kina og India kan argumentere godt for at dei ikkje vil binde seg til å ta på seg klimamål så lenge USA ikkje blir med. Dei kan vise til USA sitt store ansvar for både historiske og noverande utslepp av klimagassar, at amerikanske utslepp per innbyggjar er 7 gonger større enn gjennomsnittet for u-landa, og at USA er mange gonger rikare enn u-landa. Men u-landa vil i løpet av nokre tiår stå for godt over halvparten av global utslepp på grunn av sterk økonomisk vekst. U-landa har ein legitim rett til å auka velferda for innbyggjarane sine, men dei vil venteleg bli hardare ramma av klimaending enn i-landa. For å avgrense menneskeskapt temperaturstigning til f.eks. 2,5 ⁰C må dei mest utvikla u-landa difor snart bremse utsleppa sine. Samstundes har eg argumentert for at det vil ta tid før USA kan komme på banen internasjonalt. Vi kan forvente at USA vil basere sin internasjonale politikk på sin nasjonale politikk. Korleis kan ein prøve å løyse opp i denne fastlåste situasjonen? Det er i alle fall to alternativ som bør vurderast for å hjelpe internasjonal klimapolitikk vidare. Det eine er å vedta ein avgrensa klimaavtale i København neste haust, som berre skal vare fram til for eksempel 2015. Dette vil gje landa ein ny forhandlingsperiode 2010-2011, der også USA kan delta, slik at ein meir omfattande klimaavtale frå 2016 kan vere på plass før Kyotoprotokollen går ut i 2012. Det andre alternativet, som eventuelt kan kombinerast med det fyrste, er å sikte mot ein rammeavtale neste haust. Ein slik avtale må utfyllast med detaljar om fordeling av klimamål mellom land, utforming av kvotehandel og andre verkemiddel m.m. i perioden 2010-2011, slik at ein ny avtale kan avløyse Kyotoprotokollen frå 2013. Forhandlingane kan gå lettare dersom fleksibilitet blir lagt inn i avtalen slik at landa kan tilpasse den til nasjonale forhold, for eksempel at eit land kan fordele innsatsen sin mellom kutt i utsleppa av klimagassar, forsking på klimavennleg teknologi, og finansiering av tilpassing til klimaendring i fattige land. I forhold til USA kan ein ta utgangspunkt i felles interesser som utvikling av teknologi, kvotehandel, og trygg energiforsyning. Dessutan vil det vere viktig å ha mange kontaktar for lettare å forstå andre land sin situasjon og kva som er realistisk å få til. Denne kronikken har stått på trykk i Kilde: cicero.uio >
|