![]() |
Kilde: attforingsbedriftene Klassekampen har fredag et stort oppslag konkurranseutsetting av attføringstjenester. Faksimile fra forsiden til Klassekampen fredag 7. november - Det er ei gåte at regjeringen vil slippe inn leverandørar som har profitt som formål, sier direktør Johan-Martin Leikvoll i Attføringsbedriftene i NHO Service til avisen. "Regjeringa vil konkurranseutsetja alt av avklaring- og oppfølgingstenester for menneske som er sjukemelde eller under attføring, både kortvarige og langvarige tiltak. At LO går imot konkurranseutsettinga skulle ikkje overraska nokon, men denne gongen kjem like sterke motargument frå arbeidsgivarsida. Under overskrifta Forenklinger ... har framlegget til nye forskrifter for ymse arbeidsmarknadstiltak vore ute på høyring. Dette dreier seg om alt frå arbeid med bistand, som er eit spesialtiltak for menneske som har bruk for særleg tett oppfølging på arbeidsplassen, til kortvarige oppfølgingstiltak for sjukmelde. Framlegg til reine forenklingar er ikkje særleg kontroversielt. Men det som vekkjer protestar, er at alle avklaringstenestene skal kjøpast inn etter reglene om offentlige anskaffelser. Det vil i praksis seia konkurranseutsetting, og der protesterer både Bransjeforeningen Attføringsbedriftene i NHO Service, HSH (Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon) og LO - i lag med ei rekkje andre organisasjonar. - For meg er det ei gåte at regjeringa vil laga eit system for å sleppa inn leverandørar som har profitt som føremål, når det finst eit system som leverer fagleg og til beste for brukarane og dessutan kan vidareutviklast til noko enda betre, seier Johan-Martin Leikvoll, direktør i Bransjeforeninga Attføringsbedriftene i NHO Service. Han forklarer at ein anbodssituasjon krev avstand mellom bestillar, i dette tilfellet NAV, og utførarane. - I staden for å laga avstand, har vi bruk for å samarbeida for å få til dette best mogeleg Medan Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) argumenterer for valfridom og individuell tilpassing av dei ulike tiltaka, svarer Leikvoll på vegner av sin organisasjon med å karakterisera konkurranseutsetting som eit umoderne verktøy innenfor attføringsområdet. - Dette er uvanlege tonar frå NHO-hald? - Vi er ueinige med NHO i denne saka, og har slåss så fillene fyk. Men dei har late seg påverka til ein viss grad, seier Leikvoll. I NHO si høyringsfråsegn les vi at NHO i hovudregelen er tilhengjar av konkurranseutsetting, men at organisasjonen i denne saka er uroleg for at regelverket skal bli unødvendig byråkratisk å handtera, og at bruken av regelverket kan gå utover valfridom og høve til individuell tilpassing. Leikvoll understrekar at det er det særeigne med attføringsarbeidet som gjer at dette er ueigna for anbodskonkurransar, uansett kor ein står på høgre-venstreaksen. - Det er ikkje rein eigeninteresse på vegner av medlemmene som får deg til å protestera? - Nei. Det er viktig å presisera at det er ikkje konkurranse i seg sjølv vi er imot. Våre bedrifter må tola konkurranse på kvalitet og fagleg innhald. Held vi ikkje mål der, skal vi heller ikkje ha oppdrag. Men poenget er at attføringsfeltet ikkje må gjerast til ein arena for konkurranse mellom bedrifter som er ute etter maksimal profitt. Det er like meiningslaust som å setja barnevernsbarn ut på anbod, seier direktøren. Han legg til at han ønskjer ideelle organisasjonar velkomne til å vera med og tilby tiltak, men åtvarar mot dei som har reint kommersielle interesser..." > 2006 - Attføringsbedriftene -Tlf: 23 08 86 50, Fax: 23 08 86 59, Postboks 5473, Majorstuen 0305 Oslo. Besøk oss : Essendropsgt. 3, 8. etasje Kilde: attforingsbedriftene >
|