--> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> --> Geiranger. Foto: MD |
- Geiranger - Herdalen nytt landskapsvernområde
Kilde: regjeringen.no
Geirangerfjorden er eit av dei mest kjende landskapa og eit av dei mest besøkte turistmåla i Noreg.
Saman med Herdalen er området i statsråd i dag verna som landskapsvernområde. Det nye verneområdet er saman med Nærøyfjorden ein del av "Vestnorske fjordlandskap" og nominert til å kome på UNESCO si prestisjefylte Verdsarvliste. - Med opprettinga av dette verneområdet er det formelle grunnlaget for at fjordområdet kan kome på UNESCO si liste, på plass. Noreg har så langt berre eitt naturområde på verdsarvlista, og eg har stor tru på at dei vestnorske fjordlandskapa kjem på verdsarvlista neste år, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide. Regjeringa har teke omsyn til lokale interesser i verneprosessen, slik at aktivitetar som er der i dag skal kunne halde fram. - I tillegg er eg trygg på at ein verdsarvstatus vil vere positivt i høve til både reiselivet og anna næringsliv, seier Hareide. Området er eit av dei mest storslagne i heile verda og blir vitja av om lag ein halv million turistar kvart år. Føremålet med vernet er å ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv. Geiranger - Herdalen har viktige kulturlandskap, der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Området er rikt på særmerkte geologiske førekomstar og landskapsformer.
Mange stader stig dei bratte liene nesten loddrett opp frå fjorden. Dei mange fossane som stuper i fritt fall ned langs fjellsidene er med på å gje landskapet eit sjeldan særpreg. Inst inne i området finn ein høgfjell med tindar, eggar og brear. Fjelltoppane kneisar meir enn 1850 meter over havet. Totalt er 498 km 2 > verna. Av dette er 46 km 2 > sjøareal. Landskapsvernområdet ligg i Stranda og Norddal kommunar i Møre og Romsdal.
Kilde: regjeringen.no
3 millioner i økt støtte til UE (Ungt Entreprenørskap) er gode nyheter fra Statsbudsjettet som ble lagt fram 7. oktober. Les mer [arendal.vgs]
|
[14.10.08 20:52] Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk møtte tirsdag Sp-folk fra Oppland og Hedmark da han i regi av landbrukssamvirket var med på en klima- og energitur i Hedmark. Les mer [senterpartiet]
|
Fra Før har vi skrevet en del om temaet her, men dette er fermtiden slik vi ser den i dag. Norge ligger i dag med ca 25% av verdens reserver av Thorium. Les mer [frp]
|
Midlene er dermed unntatt statlig kontroll. Les mer [nsu]
|
I snart 50 år har Arbeidstilsynet gransket tegninger av nybygg som skal inneholde arbeidsplasser.Formålet er å sikre et helsefremmende arbeidsliv. Les mer [arbeidstilsynet]
|
Etter drøyt ti år på post oppsummerer de såkalte "Tham- professorene" i Sverige at de har bidratt til et mer likestilt akademia. Jämi ska göra statens myndigheter jämställda Les mer [kilden.forskningsradet]
|
Alle tillitsvalgte i Utdanningsforbundet Hedmark er innkalt til storkurs enten 14.-15.10. eller 15.-16.10.2008 på Rica Hotel Hamar. Les mer [utdanningsforbundet]
|
Per Opsahl (Demokratene Fedje), Nils Marthon Ãdland (Meland Høyre), Lars Barstad (Meland Venstre), og John Bauge (Radøy Høyre) Det var en debatt som utfra tidligere debatter gikk slik man ventet. Les mer [frp]
|
Ordførerkandidat Bjarte Vatnøy og kummulert på kommunevalglista, Nina Stabell Øvreås reiser til Hell i Trøndelag, på Fremskrittspartiets landsmøte. Les mer [frp]
|
|