Frå kontrollrom i Brannetatens opplæringssentral ved Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern.
Smidig overgang frå gammalt til nytt
Kilde: dinkom

Det nye nødnettet inneber etablering av ei rekkje nye kontrollrom. For nødetatane er det viktig at kontrollromma fungerer optimalt frå første dagen. Difor vert det lagt stor vekt på å utvikle ein effektiv prosess for overgangen frå gammalt til nytt utstyr. Denne prosessen vert kalla transisjonsprosessen.


Utbygginga av det nye nødnettet inneber, i tillegg til utplassering av basestasjonar, også etablering og drift av nytt brukarutstyr, det vil seie kontrollromsutstyr og radioterminalar. Kontrollromsutstyret (ICCS) skal installerast i dei kontrollromma etatane alt har. I det første utbyggingstrinnet, som omfattar store delar av det sentrale Austlandet, skal det installerast nytt utstyr i 60 kontrollrom.
Overgangen frå gammalt til nytt utstyr medfører endringar i rutinar og organisering av arbeidsprosessar. For at overgangen skal gå så smidig som mogeleg, er det viktig å planleggje, følgje opp og evaluere transisjonsprosessen laupande. Målet er at systemet skal fungere best mogeleg frå første stund, kvar gong eit nytt kontrollrom skal setjast i drift. Leverandøren Nokia Siemens Networks (NSN), Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og etatane har samarbeidd tett om å utvikle eit generelt transisjonskonsept for alle brukargruppene.
Det er mykje som må vere på plass før nytt brukarutstyr kan takast i bruk. Arbeidet med overgang frå gammalt til nytt inneber møte mellom alle involverte partar, der koordinering av oppgåver knytt til opplæring, leveranse av utstyr, installasjon, test og godkjenning av leveransen står sentralt. Kvart team følgjer opp arbeidet ved hjelp av sjekklister, rapporteringsverkty og ei liste med utsjekkskriteria. Det vert også halde statusmøte ein gong i veka mellom dei som er involverte og prosjektleiinga for dei relevante kontrollromma. Dette for å hindre at noko vert uklart eller at det oppstår feilsituasjonar, med tanke på å sikre framdrifta.
Erfaringsdeling og evaluering
Utrullinga av kontrollrom inneber mange prosessar som vert gjentekne. Kunnskaps- og erfaringsdeling er difor viktig for at arbeidet skal gå så effektivt som mogeleg. Etter kvar transisjonsprosess møter prosjektleiaren for neste transisjon teamet frå førre transisjon for å dele erfaringar og førebu prosessen. Så langt er det for eksempel levert kontrollromsutstyr til fleire kontrollrom (operasjonssentralar) i politiet, og nokre av dei er også i operativ drift. Erfaringane frå prosessen er positive så langt, og har lagt eit godt grunnlag for vidare utvikling av transisjonsarbeidet.
Det er også sett i gang transisjonsprosessar for kontrollrom til brannetaten og helsetenesta.

P
Biletet ovanfor: Østfold politidistrikt tok 25. juni i bruk integrert radio- og telefonibetening (ICCS) på operasjonssentralen. Gunnar Halden frå DNK (t.v) og Tore Lorentzen fra Politidirektoratet signerte dokumenta som gav klarsignal til å ta i bruk ICCS i Østfold politidistrikt som vert leidd av politimeister Otto Stærk (bak).
Det øvste biletet. Frå kontrollrom i Brannetatens opplæringssentral ved Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern.





Kilde: dinkom
PÅ FORSIDEN NÅ:
Nordiske helsedirektører ønsker ikke snus som røykesluttprodukt
Dette er hovedkonkusjonen i et prinsipp notat som er utarbeidet i fellesskap av Helsedirektoratet i Norge, Socialstyrelsen i Sverige, Folkhaelsoinstitutet i Finnland, Sunnhetsstyrelsen i Danmark og og Helsedirektoratet på Island. Les mer  [shdir]

Statssekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen lanserte i dag klimajulekalenderen, med Espen Eckbo-figuren Asbjørn Brekke i hovedrollen. Asbjørn vil dele 24 klimatips med det norske folk fra sin videoblogg på Les mer  [dep]
ᅢリyekorall Ytre Hvaler blir Norges første marine nasjonalpark, hvis Miljøverndepartementet følger rådet fra Direktoratet for Naturforvaltning (DN). Les mer  [fylkesmannen]

Gunnar Halden frå DNK (t.v) og Tore Lorentzen fra Politidirektoratet signerte dokumenta som gav klarsignal til å ta i bruk ICCS i Østfold politidistrikt som vert leidd av politimeister Otto Stærk (bak). Les mer  [dinkom]

Da dødsraset traff Fjelltunveien 31 i Ãlesund, ble en mangeårig medarbeider ved SINTEF Byggforsk satt på sitt livs prøve.
I høst mottok politikammeret i Ãlesund et evalueringsskjema som SINTEF rutinemessig sender ut til alle kunder. Les mer  [sintef]


Kommunen samarbeider med Statens forurensningstilsyn (SFT) og Møre og Romsdal fylke for å identifisere forurensningskilder og stanse utslipp fra land før det kan ryddes opp i sjøbunnen. Les mer  [alesund.kommune]

Alle andre tiltak må komme i andre rekke, sa Lars Sponheim da Stortinget i dag diskuterte finanskrisen og vedtok statsbudsjettet for 2009. Les mer  [venstre]
Per Roskifte (Ingressbilde) Valgkomiteen i KSL Matmerk foreslår Nils T. Bjørke, Sveinung Svebestad og Britt Sauar som nye medlemmer til styret i KSL Matmerk.
Bjørke (2. nestleder i Norges Bondelag. Les mer  [kslmatmerk]

Alle andre tiltak må komme i andre rekke, sa Lars Sponheim da Stortinget i dag diskuterte finanskrisen og vedtok statsbudsjettet for 2009. Les mer  [venstre]
Mens det i fjor ikke ble påvist et eneste valpekull i Norges ulvestamme, har tre norske ulvefamilier fått valper i år. Trolig er det født elleve valper. Les mer  [wwf]